Helga 5. – 6. juli er det klart for den årlege Fiskefestivalen i Ulvik. Dette er ein uhøgtidleg festival med fokus på det våte element. Denne helga trekkjer tilreisande hit i hopetal, og ulvikjene reiser på ferie i eiga heimbygd. Det vert mange ulike aktivitetar både fredag og laurdag. Rakkadeis avsluttar festivalen med å spele opp til fiskedans på Brakanes Hotel laurdagskvelden 6. juli frå kl. 22.00. Program og meir informasjon om arrangementet finn du på www.fiskefestival.no eller på facebook-sida til Ulvik Fiskefestival.