Main Content RSS FeedSiste frå Rakkadeis

Rakkadeis spelar på Morellfestivalen!

Det er igjen klart for den store Morellfestivalen! Festivalen vert arrangert 25. – 28. juli i sentrumsområdet på Lofthus i Hardanger. Tusenvis av morellsteinar vil hagle gjennom lufta denne helga, og det vert – som alltid – arrangert NM i morellsteinspytting. Festivalen tilbyr eit innhaldsrikt program for både små og store. Artistar og band som skal opptre er mellom anna Heine Totland’s Rock’n Roll Circus, Yngve & His Boogie Legs, Åge Sten Nilsen «One Night With Queen» Show og Rune Sanden Band. Rakkadeis spelar til dans på laurdagskvelden. Program og meir informasjon finn du på www.morellfestivalen.no eller på facebook-sida til Morellfestivalen.

Rakkadeis har spelt til dans på Morellfestivalen i 2014, 2015 og 2017, og gjett om me gler oss til å komme tilbake i år òg!

Velkommen til Noregs søtaste festival! 😀

Rakkadeis på Morellfestivalen 2017

Eldre nyhende

Eigen låt ute no!

Den nye låta vår «Need to be» finn du på Spotify, iTunes eller andre plassar du høyrer på musikk 😀

Sjekk den ut!!

Rakkadeis spelar på Vintertreffet!

Den 14. – 16. februar er det igjen klart for det store Vintertreffet på Vaksdal, og i år står mellom anna lokalrevy, Ausekarane, Daytrippers, Mads Andrè Hansen og Stavangerkameratene på programmet. Rakkadeis spelar til dans etter Stavangerkameratene sin konsert laurdag 16. februar i Vaksdal Samfunnshus. Dørane opnar kl. 20.00. Bar med sal av drikkevarer. 18 års aldersgrense. Billettar får du kjøpt på TicketCo. Meir informasjon om arrangementet finn du på facebook-sida til Vaksdal Underhaldningslag.

Velkommen på treff! 😀

Rakkadeis på Vintertreffet 2014

Rakkadeis spelar på MyrkdØL-festivalen!

Helga 6.-7. oktober gjentek Myrkdalen Hotel suksessen frå i fjor og inviterer til ølfestival med dei lokale bryggeria Balder Brygg, Håndverkbryggeriet, Voss Fellesbryggeri og Ægir Bryggeri. Det vert ølkurs, 4-rettars øl-inspirert middag, tapas, mingling og konsert. Undeland & Olsen held konsert på fredagskvelden, og Rakkadeis spelar til dans på laurdagskvelden. Det er mogeleg å kjøpe tre typar billettar til festivalen; festivalpass (kr 1 145,-), billett til fredag kveld (kr 295,-) eller dagspass laurdag (kr 995,-). Program og meir informasjon finn du på www.myrkdalen.no eller på facebook-sida til Myrkdalen.

Me gler oss! Velkommen til MyrkdØL-festival! 😀

Rakkadeis spelar på Stanghelle!

Laurdag 23. september arrangerar Stanghelle Idrettslag motbakkeløpet «Stanghelle Opp 2017 Hellesætre».
I samband med dette spelar Rakkadeis opp til dans i Samfunnssalen på Stanghelle på kvelden. Dørane opnar kl. 20.00. Billett i døra kr 200,- / 250,-. Det er rabatt for konkurransedeltakarane i motbakkeløpet. Billettar kan òg kjøpast på Coop Stanghelle. 18 års aldersgrense. Meir informasjon finn du på facebook-sida til Stanghelle Opp.

Velkommen! 😀

Rakkadeis spelar på Morellfestivalen!

Det er igjen klart for den store Morellfestivalen – denne gongen for det 22. året på rad. Festivalen vert arrangert 27. – 30. juli i sentrumsområdet på Lofthus i Hardanger. Tusenvis av morellsteinar vil hagle gjennom lufta denne helga, og det vert – som alltid – arrangert NM i morellsteinspytting. Festivalen tilbyr eit innhaldsrikt program for både små og store, med mellom anna hardangerauksjon, helikopterturar, morellfrukost med Mikkel og Mikkeline, og ein liten marknadsplass som byr på spennande produkt og mykje å smaka på. Artistar og band som skal opptre er Stein Torleif Bjella, Bare Moro Impro (BMI), Tuva Lutro, Lothepus med Farmen-vener, The Apples og Odd Renè Andersen. Sound of the 70’s spelar til dans på fredagskvelden, og Rakkadeis spelar til dans på laurdagskvelden. Program og meir informasjon finn du på www.morellfestivalen.no eller på facebook-sida til Morellfestivalen 2017.

Rakkadeis spelte på Morellfestivalen 2014 og 2015, og gjett om me gler oss til å komme tilbake i år!

Velkommen til Noregs søtaste festival! 😀

 

 

Rakkadeis spelar på jonsokdans i Granvin!

Laurdag 24. juni spelar me opp til jonsokdans i Trudvang i Granvin. Dørane opnar kl. 22.00. Inngang kr 200,- for medlemmar i ungdomslaget, og kr 250,- elles. 18 års aldersgrense. Bar med sal av drikkevarer. For meir informasjon om arrangementet, klikk deg inn på facebook-sida til Granvin Ungdomslag, eller på facebook-eventen Jonsokdans med Rakkadeis.

Me gler oss! Ta turen då vel! 😀

Rakkadeis spelar på Skredløpsfest, Aga!

Laurdag 3. juni vert det tradisjonsrike Skredløpet arrangert for tiande gong. Terrengløpet er eit unikt løp som går mellom Aga og Reisæter, frå Skredvoll til Skredmur, og vert omtala som «Noregs vakraste terrengløp». På kvelden vert det arrangert Skredløpsfest i Sagatun grendahus på Aga. Dørane opnar kl 20.00. Kjartan Bergsvåg kjem og fortel om turane sine, og Rakkadeis spelar til dans frå ca kl 22.00. Sal av betasuppe, snacks og forfriskningar. Pris for program: kr 150,-. Pris for dans: kr 250,-.
Pris for program og dans: kr 350,-. Aldersgrense 15 år.

Velkommen til Skredløpsfest! 😀

Rakkadeis spelar på Milano, Vaksdal!

Laurdag 13. mai går årets Gatecup av stabelen på Vaksdal, og i samband med dette arrangerar Vaksdal Idrettslag bankett og dans med Rakkadeis på Milano Pizzeria på kvelden. Konserten er open for alle. Billett i døra, kr 200,-. Me spelar frå kl. 22.00.

Velkommen! 😀

Rakkadeis spelar på Ekspedisjonen, Lofthus!

Laurdag 18. februar tar me turen til Lofthus og spelar på Ekspedisjonen Skjenkestove.
Dørane opnar kl. 21.00. Inngang kr 150,-. Meir informasjon finn du på www.ekspedisjonen.net eller på facebook-sida til Ekspedisjonen Skjenkestove.

Me lovar nokre livlige timar i «Stovo» 😀 Velkommen!