Det er igjen klart for den store Morellfestivalen – denne gongen for det 19. året på rad. Festivalen vert arrangert 24. – 27. juli i sentrumsområdet på Lofthus i Hardanger. Tusenvis av morellsteinar vil hagle gjennom lufta denne helga, og det vert – som alltid – arrangert NM i morellsteinspytting. Festivalen tilbyr eit innhaldsrikt program for både små og store. Auksjon, tevlingar, familieshow, scenekunst og ein liten marknadsplass som byr på spennande produkt og mykje å smaka på. Artistar og band som skal spele er Frode Alnæs Trio, Polkabjørn og Kleine Heine, Heidi Marie Vestrheim, Lothepus, The VossaRebels og Jørn Hoel med vener. Sølvsuper spelar til dans på fredagskvelden, og Rakkadeis spelar til dans på laurdagskvelden. Med oss vert også Henning Neu på gitar, og Helge Boge på keyboard. Program og meir informasjon finn du på www.morellfestivalen.no eller på facebook-sida til Morellfestivalen.
Gjett om me gler oss!
Velkommen til Morellfestivalen – Noregs søtaste festival! 😀