Rakkadeis spelar på Fruktslepp i Ulvik!

Helga 3. – 5. oktober vert det arrangert Fruktslepp i Ulvik – ei helg som osar av lokalprodusert mat og drikke. Laurdag 4. oktober er det torgdag, stor loppemarknad og auksjon, samt aktivitetar for borna. Om ettermiddagen vert det Fruktslepp på Frukt- og siderruta der 3 gardar ynskjer velkomen til smak og omvisning, og på kvelden står hardangermat på menyen. Rakkadeis avsluttar dagen med å spele til dans på Brakanes Hotel, og gjett om me gler oss! Me skal gje alt for å lage tilsvarande stemning som tidlegare – målestokken på ein vellukka kveld må vere at det duggar på innsida av vindaugene 😉

Me spelar frå kl. 22.00. Inngang kr 100,-. 18 års aldersgrense.
Ta med deg rockefoten og kom! 😀