Laurdag 25. januar skipar Skare Ungdomslag til fest i Grendahuset i Skare, Odda. Det vert middag, og etterpå spelar Rakkadeis opp til dans. Kr 200,- for medlemmar i Skare Ungdomslag, og kr 250,- for ikkje-medlemmar. Fint antrekk. For påmelding og meir informasjon om arrangementet, sjå facebook-sida til Skare Ungdomslag eller facebook-eventen «Dans med Rakkadeis i Skare».