Rakkadeis spelar på Morellfestivalen!

Det er igjen klart for den store Morellfestivalen – denne gongen for det 22. året på rad. Festivalen vert arrangert 27. – 30. juli i sentrumsområdet på Lofthus i Hardanger. Tusenvis av morellsteinar vil hagle gjennom lufta denne helga, og det vert – som alltid – arrangert NM i morellsteinspytting. Festivalen tilbyr eit innhaldsrikt program for både små og store, med mellom anna hardangerauksjon, helikopterturar, morellfrukost med Mikkel og Mikkeline, og ein liten marknadsplass som byr på spennande produkt og mykje å smaka på. Artistar og band som skal opptre er Stein Torleif Bjella, Bare Moro Impro (BMI), Tuva Lutro, Lothepus med Farmen-vener, The Apples og Odd Renè Andersen. Sound of the 70’s spelar til dans på fredagskvelden, og Rakkadeis spelar til dans på laurdagskvelden. Program og meir informasjon finn du på www.morellfestivalen.no eller på facebook-sida til Morellfestivalen 2017.

Rakkadeis spelte på Morellfestivalen 2014 og 2015, og gjett om me gler oss til å komme tilbake i år!

Velkommen til Noregs søtaste festival! 😀