Rakkadeis spelar på MyrkdØL-festivalen!

Helga 6.-7. oktober gjentek Myrkdalen Hotel suksessen frå i fjor og inviterer til ølfestival med dei lokale bryggeria Balder Brygg, Håndverkbryggeriet, Voss Fellesbryggeri og Ægir Bryggeri. Det vert ølkurs, 4-rettars øl-inspirert middag, tapas, mingling og konsert. Undeland & Olsen held konsert på fredagskvelden, og Rakkadeis spelar til dans på laurdagskvelden. Det er mogeleg å kjøpe tre typar billettar til festivalen; festivalpass (kr 1 145,-), billett til fredag kveld (kr 295,-) eller dagspass laurdag (kr 995,-). Program og meir informasjon finn du på www.myrkdalen.no eller på facebook-sida til Myrkdalen.

Me gler oss! Velkommen til MyrkdØL-festival! 😀

Rakkadeis spelar på Stanghelle!

Laurdag 23. september arrangerar Stanghelle Idrettslag motbakkeløpet «Stanghelle Opp 2017 Hellesætre».
I samband med dette spelar Rakkadeis opp til dans i Samfunnssalen på Stanghelle på kvelden. Dørane opnar kl. 20.00. Billett i døra kr 200,- / 250,-. Det er rabatt for konkurransedeltakarane i motbakkeløpet. Billettar kan òg kjøpast på Coop Stanghelle. 18 års aldersgrense. Meir informasjon finn du på facebook-sida til Stanghelle Opp.

Velkommen! 😀

Rakkadeis spelar på Morellfestivalen!

Det er igjen klart for den store Morellfestivalen – denne gongen for det 22. året på rad. Festivalen vert arrangert 27. – 30. juli i sentrumsområdet på Lofthus i Hardanger. Tusenvis av morellsteinar vil hagle gjennom lufta denne helga, og det vert – som alltid – arrangert NM i morellsteinspytting. Festivalen tilbyr eit innhaldsrikt program for både små og store, med mellom anna hardangerauksjon, helikopterturar, morellfrukost med Mikkel og Mikkeline, og ein liten marknadsplass som byr på spennande produkt og mykje å smaka på. Artistar og band som skal opptre er Stein Torleif Bjella, Bare Moro Impro (BMI), Tuva Lutro, Lothepus med Farmen-vener, The Apples og Odd Renè Andersen. Sound of the 70’s spelar til dans på fredagskvelden, og Rakkadeis spelar til dans på laurdagskvelden. Program og meir informasjon finn du på www.morellfestivalen.no eller på facebook-sida til Morellfestivalen 2017.

Rakkadeis spelte på Morellfestivalen 2014 og 2015, og gjett om me gler oss til å komme tilbake i år!

Velkommen til Noregs søtaste festival! 😀

 

 

Rakkadeis spelar på jonsokdans i Granvin!

Laurdag 24. juni spelar me opp til jonsokdans i Trudvang i Granvin. Dørane opnar kl. 22.00. Inngang kr 200,- for medlemmar i ungdomslaget, og kr 250,- elles. 18 års aldersgrense. Bar med sal av drikkevarer. For meir informasjon om arrangementet, klikk deg inn på facebook-sida til Granvin Ungdomslag, eller på facebook-eventen Jonsokdans med Rakkadeis.

Me gler oss! Ta turen då vel! 😀

Rakkadeis spelar på Skredløpsfest, Aga!

Laurdag 3. juni vert det tradisjonsrike Skredløpet arrangert for tiande gong. Terrengløpet er eit unikt løp som går mellom Aga og Reisæter, frå Skredvoll til Skredmur, og vert omtala som «Noregs vakraste terrengløp». På kvelden vert det arrangert Skredløpsfest i Sagatun grendahus på Aga. Dørane opnar kl 20.00. Kjartan Bergsvåg kjem og fortel om turane sine, og Rakkadeis spelar til dans frå ca kl 22.00. Sal av betasuppe, snacks og forfriskningar. Pris for program: kr 150,-. Pris for dans: kr 250,-.
Pris for program og dans: kr 350,-. Aldersgrense 15 år.

Velkommen til Skredløpsfest! 😀

Rakkadeis spelar på Milano, Vaksdal!

Laurdag 13. mai går årets Gatecup av stabelen på Vaksdal, og i samband med dette arrangerar Vaksdal Idrettslag bankett og dans med Rakkadeis på Milano Pizzeria på kvelden. Konserten er open for alle. Billett i døra, kr 200,-. Me spelar frå kl. 22.00.

Velkommen! 😀

Rakkadeis spelar på Ekspedisjonen, Lofthus!

Laurdag 18. februar tar me turen til Lofthus og spelar på Ekspedisjonen Skjenkestove.
Dørane opnar kl. 21.00. Inngang kr 150,-. Meir informasjon finn du på www.ekspedisjonen.net eller på facebook-sida til Ekspedisjonen Skjenkestove.

Me lovar nokre livlige timar i «Stovo» 😀 Velkommen!

 

Rakkadeis spelar på Hausttreffet på Vaksdal!

Helga 4. – 5. november er det klart for årets Hausttreff på Vaksdal. Fredagen vert det revy med Vaksdal Revylag. Laurdagen er det Matmarknad, og etterpå vert det ølsmaking med lokale bryggelag. Laurdagskvelden held Heine Totland m/band konserten «Sensational Rock and Roll Circus» i Vaksdal Samfunnshus, og Rakkadeis spelar til dans etterpå. 18 års aldersgrense. Meir informasjon om arrangementet finn du på facebook-sida til Vaksdal Underhaldningslag.

Dette må jo berre bli bra! 😀

Rakkadeis spelar på Innstranda!

Laurdag 22. oktober spelar me opp til Ungdomsdans i Innstranda Grendahus i Strandebarm. Dørane opnar kl. 21.00. Rusfritt arrangement. 15 års aldersgrense. Billettar får du kjøpt på TicketCo. For meir informasjon om arrangementet, klikk deg inn på facebook-sida til Innstranda Ungdomslag, eller på facebook-eventen Ungdomsdans med Rakkadeis.

Ta turen då vel! 😀

Rakkadeis spelar på Haustfest i Ulvik!

Helga 30. september – 2. oktober vert det arrangert Haustfest i Ulvik – ei helg som bugnar av lokalprodusert mat, drikke og handverk, samt mange aktivitetar og opplevingar for små og store heile helga gjennom. Laurdag 1. oktober er det torgdag, stor loppemarknad og auksjon. Om ettermiddagen vert det Fruktslepp på frukt- og siderruta der 3 gardar ynskjer velkomen til smak og omvisning, og på kvelden står hardangermat på menyen. Rakkadeis avsluttar dagen med å spele til dans på Brakanes Hotel. No er det 2 år sidan sist me var der, og gjett om me gler oss! Me skal gje alt for å lage like god stemning som tidlegare 😉 For meir informasjon om arrangementet, klikk deg inn på heimesida til Brakanes Hotel.

Velkommen! 😀