Main Content RSS FeedSiste frå Rakkadeis

Rakkadeis spelar på jonsokdans i Granvin!

Laurdag 24. juni spelar me opp til jonsokdans i Trudvang i Granvin. Dørane opnar kl. 22.00. Inngang kr 200,- for medlemmar i ungdomslaget, og kr 250,- elles. 18 års aldersgrense. Bar med sal av drikkevarer. For meir informasjon om arrangementet, klikk deg inn på facebook-sida til Granvin Ungdomslag, eller på facebook-eventen Jonsokdans med Rakkadeis.

Me gler oss! Ta turen då vel! 😀

Eldre nyhende

Rakkadeis spelar på Skredløpsfest, Aga!

Laurdag 3. juni vert det tradisjonsrike Skredløpet arrangert for tiande gong. Terrengløpet er eit unikt løp som går mellom Aga og Reisæter, frå Skredvoll til Skredmur, og vert omtala som «Noregs vakraste terrengløp». På kvelden vert det arrangert Skredløpsfest i Sagatun grendahus på Aga. Dørane opnar kl 20.00. Kjartan Bergsvåg kjem og fortel om turane sine, og Rakkadeis spelar til dans frå ca kl 22.00. Sal av betasuppe, snacks og forfriskningar. Pris for program: kr 150,-. Pris for dans: kr 250,-.
Pris for program og dans: kr 350,-. Aldersgrense 15 år.

Velkommen til Skredløpsfest! 😀

Rakkadeis spelar på Milano, Vaksdal!

Laurdag 13. mai går årets Gatecup av stabelen på Vaksdal, og i samband med dette arrangerar Vaksdal Idrettslag bankett og dans med Rakkadeis på Milano Pizzeria på kvelden. Konserten er open for alle. Billett i døra, kr 200,-. Me spelar frå kl. 22.00.

Velkommen! 😀

Rakkadeis spelar på Ekspedisjonen, Lofthus!

Laurdag 18. februar tar me turen til Lofthus og spelar på Ekspedisjonen Skjenkestove.
Dørane opnar kl. 21.00. Inngang kr 150,-. Meir informasjon finn du på www.ekspedisjonen.net eller på facebook-sida til Ekspedisjonen Skjenkestove.

Me lovar nokre livlige timar i «Stovo» 😀 Velkommen!

 

Rakkadeis spelar på Hausttreffet på Vaksdal!

Helga 4. – 5. november er det klart for årets Hausttreff på Vaksdal. Fredagen vert det revy med Vaksdal Revylag. Laurdagen er det Matmarknad, og etterpå vert det ølsmaking med lokale bryggelag. Laurdagskvelden held Heine Totland m/band konserten «Sensational Rock and Roll Circus» i Vaksdal Samfunnshus, og Rakkadeis spelar til dans etterpå. 18 års aldersgrense. Meir informasjon om arrangementet finn du på facebook-sida til Vaksdal Underhaldningslag.

Dette må jo berre bli bra! 😀

Rakkadeis spelar på Innstranda!

Laurdag 22. oktober spelar me opp til Ungdomsdans i Innstranda Grendahus i Strandebarm. Dørane opnar kl. 21.00. Rusfritt arrangement. 15 års aldersgrense. Billettar får du kjøpt på TicketCo. For meir informasjon om arrangementet, klikk deg inn på facebook-sida til Innstranda Ungdomslag, eller på facebook-eventen Ungdomsdans med Rakkadeis.

Ta turen då vel! 😀

Rakkadeis spelar på Haustfest i Ulvik!

Helga 30. september – 2. oktober vert det arrangert Haustfest i Ulvik – ei helg som bugnar av lokalprodusert mat, drikke og handverk, samt mange aktivitetar og opplevingar for små og store heile helga gjennom. Laurdag 1. oktober er det torgdag, stor loppemarknad og auksjon. Om ettermiddagen vert det Fruktslepp på frukt- og siderruta der 3 gardar ynskjer velkomen til smak og omvisning, og på kvelden står hardangermat på menyen. Rakkadeis avsluttar dagen med å spele til dans på Brakanes Hotel. No er det 2 år sidan sist me var der, og gjett om me gler oss! Me skal gje alt for å lage like god stemning som tidlegare 😉 For meir informasjon om arrangementet, klikk deg inn på heimesida til Brakanes Hotel.

Velkommen! 😀

Rakkadeis spelar på jonsokdans i Granvin!

Laurdag 25. juni spelar me opp til jonsokdans i Trudvang i Granvin. Dørane opnar kl. 22.00. Inngang kr 200,- for medlemmar i ungdomslaget, og kr 250,- elles. 18 års aldersgrense. Bar med sal av drikkevarer. For meir informasjon om arrangementet, klikk deg inn på facebook-sida til «Granvin Ungdomslag», eller på facebook-eventen «Jonsokdans med Rakkadeis».

Bli med å feire midtsommaren! 😀

Rakkadeis spelar på utedans på Aga!

Fredag 24. juni skipar Sagatun Grendahus til utedans på Aganeset. Portane opnar kl. 21.00. Me spelar i frå kl. 22.00, på parkeringa. 18 års aldersgrense. Bar med sal av drikkevarer. Inngang kr 250,-. For meir informasjon om arrangementet, klikk deg inn på facebook-sida til «Sagatun Grendahus», eller på facebook-eventen «Utedans på Aga».

Velkommen! 😀

Rakkadeis spelar på påskedans i Strandebarm!

Skjærtorsdag 24. mars spelar me opp til påskedans i Haugatun i Strandebarm. Dørane opnar kl. 21.30. Inngang kr 200,-/250,- medlem/ikkje medlem. 18 års aldersgrense. Bar med sal av drikkevarer. For meir informasjon om arrangementet, klikk deg inn på facebook-eventen «Påskadans».

Velkommen! 😀
mcol_music_from_egg